⇦ tilbake til startsida



Har du alltid drøymt om å få ein ny kopp? Du har komme til riktig stad!

Koppen

Desse koppane har plass til 2,5 dl av favorittdrikka di - kald eller varm! Fyller du opp heilt til kanten får du plass til 3 dl. Sidan emaljekoppen har ei kjerne av metall, vil den ikkje knuse om du mister den på bakken! Koppane er perfekt for camping eller for å ta med på tur! Du kan varme drikka direkte oppi koppen, men ikkje putt den i mikrobølgeomnen!

Trykk

Koppane har logoen vår foran, og resten er kvit keramikkbelegg, bortsett frå den svarte kanten øverst. Trykket har dei flinke folka frå Sogndal Ressurssenter gjort, so når du kjøper ein kopp frå oss, får du ikkje berre ein flott kopp, men du støtter også deira arbeid med å tilby ei meiningsfull sysselsetting til folk som treng tilrettelagt arbeid.





Vil du ha ein kopp eller to? Vi gler oss til å høyre frå deg gjennom dette skjemaet!

Denne nettsida er ikkje kryptert, og vi vil ikkje gi kredittkortinformasjonen din til hackarar! Difor går det ikkje an å betale direkte på sida vår. Berre fyll ut skjemaet og trykk send, so tek vi kontakt og avtaler betaling og levering.

Namn / firma / organisasjon:

E-post-adresse:


Eg vil ha kopp! Totalpris: 0 kr

Er det noko anna du vil at vi skal vite? Skriv det her!


Når du sender bestillinga, vil du bli sendt til Formspree for å bekrefte at du ikkje er ein robot, slik at vi unngår søppelpost.

Språk ▼